eg vil la deg kjenne
ytterkantane mine,
dra fingrane over
mi uslepne overflate
der det gnissar,
der finn du meg.
eg er dei skarpe kantane
som nærmast skjer deg
eg er den rota i hagen
du ikkje får opp,
men høyr:
eg veks i gamal jord
du veit med eitt
kven eg er når du ser meg.
fylg spora mine
og du vil høyre meg tindrande klart
eg vil at me skal
lytte til alt saman
og berre sitje
i nærleiken
sveip meg mjukt inn.
eg har venta
så uendeleg lenge
på akkordane dine
